top of page

Katalogtekst til installasjonene "Lettare enn luft - sterkare enn død", Bomuldsfabriken Kunsthall, Arendal 2003 og "Som ei fjør gjennom kosmos - som ein stein", Inselgalerie, Berlin 2005. Frø-objekter i kalkstein. Tekster av Paal-Helge Haugen på kalksteinstavler.

 

DET TVETYDIGE OBJEKTET

 

Dei urtekyndige i antikken og middelalderen meinte at frøet var eit biletmessig konsentrat av det som skulle falde seg ut i den veksande planten. Samstundes var frøet eit mysterium, slik det er uttrykt i likninga om sennepsfrøet: Det minste av alle frø, som vart til eit tre der himmelens fuglar kom og bygde reir. Også vi kan oppleve frøet som eit paradoks – det er ein kviletilstand, eit statisk mellompunkt mellom to dynamiske prosessar, mellom forfall og vokster. Det er trekt ut av tida, fordi frøets ubestemte nåtid er realisert som den fysiske sameininga av fortid og framtid. Det finst frø som kan kvile i hundreår, i tusenår, i ørken, i gravkammer, i mumiekister, før dei blir henta ut og spirer. Frøet er rein latens, ein lada stillstand. Uforanderleg i seg sjølv ber det bod om forandring. Og hogge i stein blir det til eit bilete av eit bilete, eit objekt som plasserer seg i eit svevande grenseområde mellom teiknsystem og biologi. Det lette er blitt tungt, det vesle stort, det organiske anorganisk. I denne paradoksale forma vender steinobjektet seg til begge sider: Til språkets usikkerhet og til voksteren og forfallets sikkerhet. Hogne i stein simulerer språkteikna ein stabilitet som ikkje finst. Språket kan vende seg bort frå den som ser, samstundes som frøets utside kan signalisere ei innside som berre eksisterer som noko anna, uttrykt gjennom metamorfosens overskriding. Frø og teikn, semen og semeion, inngår begge i ein disseminasjon, ei ut-såing der meininga aldri kan innhaustast som noko anna enn ei potensiell meining, lik frøkornet som korkje er liv eller død, men ein gjenstand eller ein tilstand som opphevar motsetningane og transformerer dei til mulighet og håp.

 

Paal-Helge Haugen

TIL BILDER »

bottom of page